Lys i mørketida
Når dagane blir kortare og mørket kjem tidlegare på, søkjer mange til gravplassen med eit lys i handa, eit stille teikn på savn, omtanke og kjærleik.

Hausten og vinteren kan opplevast som ei tung tid for mange, særleg for dei som har mista nokon dei var glade i. Nettopp derfor har det for mange blitt ein viktig tradisjon å besøkje gravplassen og tenne lys i mørketida. Det lille lyset kan varme meir enn ein kanskje trur, både for den som tenner det, og for dei som ser det.
Eit tent gravlys kan vere ein måte å vise at ein hugsar, at ein saknar, eller ganske enkelt at ein bryr seg. Lyset kan gje trøyst og ro, og gjere gravplassen til ein fredfull og vakker stad også når naturen er i dvale.
Mange tenner lys i samband med høgtider som allehelgen og jul, men det er også mange som gjer det til ein vane å stikke innom med eit lys ein vanleg kvardag. Det treng ikkje vere stort, det viktigaste er handlinga.
Vi minner samtidig om å bruke lys og lykter som tåler vêr og vind, og at levande lys ikkje bør brukast der det kan utgjere brannfare. Nokre gravplassar har eigne reglar for dette, ta gjerne kontakt med oss om du er usikker.
←