Prøveordning på Foldnes gravplass: Ingen bosspann frå mars


Hausten 2025 vedtok fellesrådet å setje i gang eit prøveprosjekt på Foldnes gravplass, der bosspann vert fjerna. Ordninga startar opp i mars 2026 og vil gjelde i ein avgrensa periode før ho vert evaluert.


Bakgrunnen for tiltaket er både praktisk og miljø­messig. Hand­tering av avfall på gravplassar krev ressursar, og vi har i tillegg opplevd utfordringar med at av­falls­dunkar på grav­plassane vert nytta til avfall som ikkje høyrer heime der. Målet med prøve­ordninga er å få ei meir ryddig og berekraftig løysing.


Kva inneber ordninga?

Når bosspann vert fjerna, må alle som besøker gravplassen ta med seg avfallet heim og kaste det der. Dette gjeld til dømes:

  • plastemballasje
  • restar av lys og lykter
  • oasis og dekorasjonsmateriale
  • streng, band og pynt
  • stearinrestar

Vi ber om at alle viser omsyn og bidreg til å halde gravplassen rein og verdig.


Organisk avfall kan kastast på gravplassen

Ordninga gjeld ikkje for organisk avfall. Dette kan framleis kastast i kaldkompost på gravplassen, men det er svært viktig at avfallet er reint.


I kaldkomposten kan ein kaste til dømes:

  • visne blomar
  • plantemateriale
  • jord og naturleg hageavfall frå gravstell

Dette skal ikkje kastast i kaldkomposten:

  • plast
  • oasis
  • streng og band
  • stearin
  • anna avfall som ikkje er organisk

Feilsortering gjer at komposten ikkje kan nyttast slik han skal, og skapar meirarbeid og ekstra kostnader.

Hushaldningsavfall høyrer ikkje heime på gravplassen

Vi har også opplevd at enkelte kastar hushaldningsavfall i avfallsdunkane på grav­plassane. Vi vil presisere tydeleg at dette ikkje er tillate. Grav­plassen sine ordningar er berre til bruk for av­fall som oppstår i samband med gravstell.


Evaluering og mogleg vidareføring

Prøveordninga på Foldnes gravplass vil verte evaluert etter ei tid. Dersom ordninga fungerer godt, kan ho verte innført på fleire, og etter kvart alle, gravplassane i kommunen.

Vi håpar på forståing og godt sam­arbeid. Med felles innsats kan vi ta vare på grav­plassen som ein verdig stad for minne, ro og respekt.