Kremasjon

Krematorium nytta av Øygarden

Krematorium nytta av Øygarden er Møllendal krematorium i Bergen.

For meir informasjon, sjå nettsida til Gravplassmyndigheten i Bergen →


Kva er kremasjon?

Kremasjon er ei alternativ form for gravferd samanlikna med tradisjonell gravlegging.

Kremeringsprosessen tek om lag éin time, og oska blir plassert i ei forsegla og merka urne saman med ein identifikasjonsbrikke, før ho kan setjast ned i ei grav på ein offentleg gravplass. Det er òg mogleg å søkje om å spreie oska i naturen eller på havet.

Merk: Som ved gravlegging, skal kremasjon skje innan ti verkedagar etter dødsfallet.


Kvifor kremasjon?

Det finst fleire grunnar til at nokon vel kremasjon. For somme kan det vere basert på religiøs eller livssynsmessig overtyding, medan det for andre kan skuldast avgrensa tilgjengeleg plass på ønskt gravplass eller familietradisjonar. Nokre vel òg kremasjon med ønskje om å bli spreidd på ein stad i naturen som har særleg tyding.

Ønskjer du å søkje om oskespreiing?

Klikk her for meir informasjon på statsforvaltaren.no →