Typer graver og gravlegging

Den som er ansvarleg for gravferda, har ansvar for å bestemme om den avdøde skal kremereast eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tilviser kva grav som skal nyttast.

Rett til gravplass

Gravferdslova slår fast at alle som er busette i kommunen ved dødsfallet, har rett til fri grav på ny gravstad tildelt av gravplassmyndigheita.

Det blir skilt mellom urne- og kistegraver, samt mellom enkle og doble kistegraver. Ei urne kan setjast ned i ei kistegrav, men ikkje omvendt. Dersom familien har ein eksisterande gravstad, kan dette vanlegvis nyttast.

Ved kistegravferd og gravlegging i namnsett minnelund kan det festast éi grav i tillegg. I heilt spesielle tilfelle kan ein søkje skriftleg om ein tredje grav.

Gravferd

Gravferd

Gravferd er ein seremoni der kista vert senka i jorda. Dette skjer vanlegvis same dag som seremonien blir gjennomført, anten direkte etter seremonien eller på eit seinare avtalt tidspunkt. Tidspunkt for kistenedsetjing må i så fall avtalast med gravplassmyndigheita.

  • Gratis bruk av kapell til seremoni og kistenedsetjing gjeld for personar som var folkeregistrerte i Øygarden kommune.
  • Seremoniar med prest frå Den norske kyrkja er gratis dersom den avlidne var medlem. Elles kan det påløpe kostnader.
  • Ved dødsfall der den avlidne hadde folkeregistrert adresse utanfor kommunen påløper det kostnader for seremoni, gravferd og kistenedsetjing.

Bisetjing

Bisetjing

  • Bisetjing inneber ein seremoni etterfølgt av kremasjon, med urnenedsetjing på eit seinare tidspunkt. Seremonien vert avslutta i kapell, seremonirom eller kyrkje.
  • Kremasjon kan gjennomførast dersom det ikkje ligg føre kjend motvilje frå den avlidne. Kremasjonsavgifta vert dekt av Øygarden kommune.

Ny kistegrav

Ny kistegrav

Enkel grav:

  • Gratis i 20 år for innbyggjarar i Øygarden kommune.
  • Ikkje mogleg med ny kistegravlegging før det har gått 20 år, med mindre grava er dobbel. 
  • I mange høve gjer dårleg jordsmonn at grava ikkje kan brukast på nytt, sjølv etter 20 år.
  • Etter 20 år vert det kravd festeavgift for 5 år om gongen.
  • For personar utanfor kommunen vert festeavgift kravd frå opprettinga (ingen friperiode).

Dobbel grav:

  • Vert tilbydd på dei fleste gravplassane i Øygarden –  ein kan reservere ein grav ved sidan av den første avlidne si grav, eller to kister vert sette oppå kvarandre (gjeld berre Blomvåg gravplass).
  • Når ein fester ein grav ved sidan av betaler ein festeavgift for 20 år frå første dag, deretter kvart 5. år. 
  • Når grava ved siden av vert teken i bruk har også denne personen rett på fri grav i 20 år. Neste forfall verte forskyvd framover i tid, tilsvarande den tid som det er betalt for. 
  • Når frigravsperioden er ute for siste gravlagde, betaler ein festeavgift for begge gravene. 

Bruk av eksisterande grav

Bruk av eksisterande grav

  • For å bruke ei festa grav til ny kistegravlegging, må det ha gått minst 20 år sidan førre gravlegging.
  • I mange høve gjer dårleg jordsmonn at grava ikkje kan brukast på nytt, sjølv etter 20 år.
  • Det kan settast ned urne i alle kistegraver. 

Urnegraver

Urnegraver

Ny urnegrav (plass til fire urner):

  • Gratis i 20 år for personar folkeregistrerte i Øygarden kommune.
  • Personar med adresse utanfor kommunen må betale festeavgift.

Urnegrav i namna minnelund:

  • Friperiode på 20 år for personar frå Øygarden kommune.
  • Festeavgift for 5 år om gongen etter friperioden.
  • Oppstartsavgift gjeld for alle – dekker namnplate og forskjønning.
  • For personar utanfor kommunen: feste for 20 år ved oppstart, deretter 5 år om gongen frå tidspunktet for urnenedsetjing.
  • For personar busett utanfor Øygarden kommune er det ei eiga avgift for urnenedsetjing.

Urnegrav i anonym minnelund:

  • Ingen festeavgift.
  • Personar utanfor kommunen betaler for urnenedsetjinga.

Urnenedsetjing

Urnenedsetjing

Urnenedsetjing er når ei askeurne vert sett ned i ei grav etter kremasjon. Urna skal setjast ned så snart som mogleg etter kremasjonen, og seinast innan seks månader. Pårørande må sjølve ta kontakt med gravplassmynde for å avtale ønskje knytt til urnenedsetjinga.

Alternativ:

  • Urnenedsetjing vert utført med pårørande til stades: Ein tilsett møter dei etterlatne ved grava og urna vert sett ned.
  • Urnenedsetjinga vert utført utan pårørande til stades: Ein tilsett sett ned urna.

Oskespreiing

Oskespreiing

Oskespreiing inneber at oska etter den avdøde blir spreidd i naturen i staden for å bli gravlagd.

Det må søkjast Statsforvaltaren om løyve til oskespreiing. Etterlatne kan søkje dersom det kan dokumenterast at den avdøde ønskte oskespreiing.

Ved oskespreiing blir det ikkje oppretta ein ordinær gravstad med gravminne.


For meir informasjon om oskespreiing og søknadsskjema, sjå info.altinn.no/nn/skjemaoversikt/statsforvaltaren/askespredning-soknad/ →

 

Døydde i mors liv

Døydde i mors liv

På gravplassane i Blomvåg og Hjelme er det eigne felt for barn som døydde i mors liv. Her kan foreldre som har mista tideleg i svangerskapet få begravd fosteret/barnet dersom dei ønskjer det.